Aktuelt-arkiv

  • Klimathon Voss

    Når det gjeld arealplanlegging, blir kommunane blir pressa frå alle kantar: Dei må byggje bustader, men verne naturen. Kutte utslepp av klimagassar, men òg sikre vekst. Årets Klimathon er lagt til Bodø, og oppgåva deltakarane skal samle seg om, handlar om å utvikle konkrete løysingar på arealspørsmål.

  • Arendal sentrum

    Arendalsveka 2026 baud på viktige diskusjonar om korleis Noreg skal møte dei store omstillingane knytte til klima, natur, teknologi og samfunnsutvikling. Vestlandsforsking arrangerte i år seks debattar i Sognahuset.

    – Vi fekk samla forskarar, politikarar, næringsliv og offentlege aktørar til samtalar om viktige utfordringar, seier direktør Anne Karin Hamre.

  • Arendal 2024

    Forskarar frå Vestlandsforsking deltek som vanleg på Arendalsveka, og i år stiller vi med seks eigne arrangement som set søkjelys på natur, inkludering i det digitale skiftet, klimarisiko, og lokal samfunnsutvikling. Vi inviterer samarbeidspartnarar, avgjerdstakarar og alle interesserte til å kome og høyre på og delta i diskusjonane.

  • Westcon Yards Florø

    Kystkommunen Kinn spelar ei sentral rolle i grøne industrisatsingar som krev mykje areal. For å kome kritiske innbyggarar i møte, har Kinn kommune tinga eit såkalla "naturpolitisk dokument" frå Vestlandsforsking. – Dette er ein type nybrotsarbeid som kan vere relevant for mange kommunar, seier forskar Torbjørn Selseng.

  • Mørke skyer over holme, Espen Bierud, Unsplash

    Torsdag overleverte ekspertutvalet for klimatilpassing rapporten «Noreg i hardt vêr» til klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen. Forskingsleiar ved Vestlandsforsking, Halvor Dannevig, har vore medlem i det regjeringsoppnemnde utvalet.

  • delegasjon frå NordRegio på ferje til Urnes

    Nyleg fekk Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv og Vestlandsforsking besøk av ein delegasjon forskarar, interesseorganisasjonar og finansiørar som ville høyre om deira arbeid.

  • plakat

    Fleire legg ut på tur i Norge. Det betyr meir slitasje på stiar og større påkjenningar for dyr og planter. Kva kan vi gjere med det?

  • Representantar Forregion Vestland 2

    Den 5.–6. mai møttest partnarane i Forregion Vestland - representert ved HVL, Vestlandsforsking og Vestland Fylkeskommune - til samling i Sogndal og Balestrand, der forskingsbasert innovasjon i næringslivet stod i fokus.

  • vegvesen

    Nye E39 kan meir enn halvere reisetida mellom dei største byane på Vestlandet. Men vegen går gjennom område med verdifull natur og stort biologisk mangfald, så korleis går Statens vegvesen fram? Det var tema for ein ekskursjon i Os i april.

  • Keats ved elv

    Sogndalselvi har forma landskapet og vore med på å prege Sogndal som stad. Men kjenner vi som bur her eigentleg elva vår? Tysdag 5. mai inviterer Vestlandsforsking, KORO og Norce til ei heilt unik vandring langs Sogndalselvi. Der kan du høyre forteljingar og høyre folk med ulik kunnskap om historie, geografi, geologi og menneske sin bruk av naturen og kanskje dele eigne minne eller erfaringar med elva. Med på vandringa er ein amerikansk kunstnar med ein heilt spesiell fascinasjon for elvar.

  • Webinardeltakarar hyttetema

    Våren 2026 byr Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv på ei webinarrekke med tema frå eit oppdrag for Sognarådet og enkeltkommunar i Sogn. Nedanfor kan du sjå alle webinara vi har hatt. Du finn òg lenker til webinara vi skal halde i mai og i juni.

  • Webinarplakat

    Korleis kan vi styre friluftsfolket unna villreinen slik at begge partar får det dei treng? Og kven skal ta jobben med å informere? Sjå webinaret vårt 16. april, der vi legg fram nye funn og snakkar om korleis vi kan løyse knipa. Der møter du ein som nyleg har studert temaet, ein naturvegleiar og ein turistvert i Nordfjella, der reinen har vore vekke sidan skrantesjuka.

  • Kristin Løseth

    Trivst innbyggarane i Sogn med turisttrykket dei har i dag, eller er det på tide at kommunane tek grep? Ferske innbyggarundersøkingar gir svar.

  • webinarpromo

    I Sogndal sitt skiparadis ønskjer utbyggarar seg opptil 1000 nye hytter. Kva vil lokalsamfunnet tene på det? Korleis kan kommunar sikre at dei få varige verdiar ut av hyttebygging? Det er tema for eit webinar i regi av Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv 9. april. 

  • Forskar og gründerar, kvinna i midten held fram mobil med appen Kulturjakten

    Med midlar frå Forskingsrådet skal Vestlandsforsking følgje gründerbedrifta bak appen Kulturjakten når dei løftar tenesta si til eit nytt nivå ved hjelp av kunstig intelligens.
    – Å kunne hjelpe slike spennande aktørar med forskingsbidrag, er heilt topp, seier Ivar Petter Grøtte.

  • Anne Karin og Irmelin

    Fredag kom nyheita om at Vestlandsforsking får eitt av fire nye nasjonale forskningssenter for meir berekraftig bruk av naturen. «Landfutures» får ei finansiering på åtte år.
    – Etter det eg kjenner til er dette første gong eit regionalt forskingsinstitutt vert leiar for eit nasjonalt senter i Forskingsrådet sine senterordningar, seier ein stolt direktør, Anne Karin Hamre.

  • webinarplakat

    Korttidsutleige gjennom digitale plattformer som Airbnb skaper stadig større utfordringar for reiselivskommunar.
    – Norge manglar nasjonal regulering av korttidsutleige, seier seniorforskar Alexandra Meyer ved Vestlandsforsking. I eit webinar 24. mars set vi søkelys på kva kommunane kan gjere med situasjonen.

  • Hyttefelt i fjellet

    Planar om nye vindparkar, vegar og hyttefelt fører ofte til konflikt om bruken av areal. Vestlandsforsking jobbar for tida med korleis vi kan gjere prosessar knytt til arealbruk meir rettferdige. – Korleis vi brukar areal, er nøkkelen til å løyse både naturkrisa og klimakrisa, seier leiande seniorforskar Halvor Dannevig.

  • Mari og Alexandra på stølskonferanse

    Setrar og utmark kan få ei viktig rolle i møte med klimaendringane. Vestlandsforsking skal undersøke korleis kunnskap om tradisjonell skjøtsel kan bidra til meir robuste landbruk og lokalsamfunn

  • Jostedalsbreen - Austerdalsbreen

    Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv inviterer til fem webinar som tek opp problemstillingar som reiselivet i Noreg står overfor, med relevans for reiselivsaktørar, kommunar, lokalbefolkning, forskarar, politikarar og andre. Airbnb, hytter, villrein, slitasje på natur og cruise står på programmet våren 2026.