Sjå webinarrekka vår om reiseliv

Webinardeltakarar hyttetema
Frå webinaret om hyttebygging og verdiskaping 9. april. Frå venstre: Alexandra Meyer (Vestlandsforsking), Sverre Landmark (Sogndal Skisenter Eigedom) og Idun A. Husabø (Vestlandsforsking).

Våren 2026 byr Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv på ei webinarrekke med tema frå eit oppdrag for Sognarådet og enkeltkommunar i Sogn. Nedanfor kan du sjå alle webinara vi har hatt. Du finn òg lenker til webinara vi skal halde i mai og i juni.

Er du oppteken av norsk reiseliv?

Webinara blir sende frå mars til juni 2026. Alle kan sjåast i opptak i ettertid på den same sida som der dei blei strøyma.

Vi formidlar nye forskingsfunn frå eit oppdrag om mogelegheiter og toleevne i reiselivet i Sogn, utført for Sognarådet i 2025.

Kristin Løseth ved Vestlandsforsking har hatt det overordna ansvaret saman med Agnes B. Engeset. Alexandra Meyer har stått for delstudiar om utvalde tema.

Er du oppteken av tema som Airbnb og distriktsutvikling, hyttebygging og verdiskaping, friluftsliv versus villrein, besøksstyring ved populære turmål og besøksstyring knytt til cruiseturisme? Då er dette webinarrekka for deg! 

Her kan du sjå alle webinara Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv arrangerer denne våren. 

Vi har teke utgangspunkt i forsking og utgreiing utført av Vestlandsforsking og samarbeidspartane våre (Spor), og den raude tråden er aktuelle utfordringar med relevans for reiselivet i regionen.

Merk deg dei neste datoane! Webinara blir sende og lagra på same nettstad (lenker nedanfor):

21. mai: Populære turmål - korleis kan vi leggje til rette for auka ferdsel?

23. juni: Økonomiske ringverknader av cruiseturismen på Vestlandet

 

Rein
Stopp forbode-skilt frå fylkesveg 27. Foto: Paul Nilsen i Ringebu fjellstyre.

 

Har du spørsmål og innspel? Ta kontakt med senterleiar Kristin Løseth eller webinarvert Idun A. Husabø.