Vestlandsforsking får nytt forskingssenter for arealbruk: - Historisk tildeling

Anne Karin og Irmelin
Direktør Anne Karin Hamre (til venstre) er svært glad for tildelinga. Senterleiar Irmelin Gram-Hanssen skal leie senteret som opnar i august i år. Tildelinga vart feira med marsipankake i lunsjen og lukkeønskingar frå alle på kontoret. Foto: Kyrre Groven

Fredag kom nyheita om at Vestlandsforsking får eitt av fire nye nasjonale forskningssenter for meir berekraftig bruk av naturen. «Landfutures» får ei finansiering på åtte år.
– Etter det eg kjenner til er dette første gong eit regionalt forskingsinstitutt vert leiar for eit nasjonalt senter i Forskingsrådet sine senterordningar, seier ein stolt direktør, Anne Karin Hamre.

Dette er Landfutures

Norwegian Centre for Sustainable Land Use Through Transformative Research and Practice
  • Finansiert av Forskingsrådet
  • Inntil 113 millionar kroner over 8 år
  • Leia av Irmelin Gram-Hanssen ved Vestlandsforsking
  • Ei rekkje institutt i alle landsdelar, inkludert Høgskulen på Vestlandet
  • Brukarpartnarar m.a. i offentleg forvalting og kommunar
  • Opnar i august 2026

Forskningsrådet etablerer fire nasjonale forskingssenter for berekraftig areal- og naturbruk, og det eine skal leiast frå Vestlandsforsking. Måndag feira instituttet den gledelege nyheita.

 Eg er svært glad og stolt over at Vestlandsforsking er peika ut som senter for berekraftig areal- og naturbruk av Forskingsrådet, seier direktør Anne Karin Hamre.

Historisk tildeling

Etter det ho kjenner til, er dette første gong eit regionalt forskingsinstitutt vert leiar for eit nasjonalt senter i Forskingsrådet sine senterordningar.

Innsatsen har gått over fleire månader, i to søknadssteg, og involvert ei rekkje forskarar ved instituttet. Ein viktig del av arbeidet har gått ut på å byggje eit breitt og solid lag som har ulike roller i senteret, frå kommunar til offentlege organisasjonar og andre fagmiljø.

 Saman med forskings- og brukarpartnarar frå heile landet er det lagt ned ein enorm innsats i søknadsprosessen frå klima- og miljøgruppa vår, med prosjektleiar Irmelin Gram-Hanssen i spissen, seier Hamre.

Forsking i alle landsdelar

Ein viktig styrke ved det nye senteret er at dei har mange partnarar med på laget, i alt deltek sju fylkeskommunar og tre statsforvaltarembete, mellom dei Vestland fylkeskommune. I tillegg kjem fleire nasjonale og regionale fagmiljø som skal medverke i utbyggingssaker i sine landsdelar: Nordlandsforskning i nord, Transportøkonomisk institutt i aust, Ruralis i Midt-Norge og Høgskulen på Vestlandet (saman med Vestlandsforsking) på Vestlandet. 

Fordi Vestlandsforsking skal leie senteret, får instituttet ein større andel av den samla senterfinansieringa, som er på 113 millionar kroner, fordelt over dei neste åtte åra.

Irmelin Gram-Hanssen og laget til Vestlandsforsking har fått svært positive tilbakemeldingar frå samarbeidspartnarane undervegs i søknadsarbeidet. Slik sett er det alt lagt eit godt grunnlag for etableringa og utviklinga av senteret.

 Vi gler oss til å kome i gang med eit viktig, langsiktig og landsdekkande samarbeid om betre kunnskap, verktøy og avgjerdsgrunnlag for meir berekraftig bruk av natur og areal, seier Hamre.

Betyr mykje for instituttet

For Vestlandsforsking betyr det nye senteret at forskarane kan halde fram arbeidet med berekraftig og rettferdig arealbruk på ein meir strategisk måte.

No kan vi i større grad sikre at forskinga vi held på med, får konkrete følgjer for faktisk arealbruk, både gjennom samarbeidet med dei mange brukarpartnarane og ved at vi har tett kontakt med departementa som finansierer senteret, seier Irmelin Gram-Hanssen, som har den daglege leiinga av senteret når det opnar i august 2026. 

No får vi lov til å jobbe på den måten vi har lagt opp til; vi skal finne ut korleis berekraftig arealbruk kan og skal sjå ut. Det har eg jo veldig tru på, seier ho. 

Samskaping av kunnskap er ein viktig metode for Gram-Hanssen og kollegaene hennar. Fleire av forskarane har jobba på denne måten i andre forskingsprosjekt.

Irmelin Gram-Hanssen
Irmelin Gram-Hanssen har stått i spissen for den omfattande søknaden og rekrutteringa av brukarpartnarar og akademiske partnarar som deltek i det åtteårige sentersamarbeidet. Foto: Idun A. Husabø

Dette er ikkje berre spennande i teorien, men også praksis. Det er fantastisk å få lov å jobbe strategisk med arealtematikken gjennom åtte år med partnarane våre. 

Partnarar i senteret

Akademiske: Stiftinga Vestlandsforsking, Høgskulen på Vestlandet, Nordlandsforskning, Ruralis, TØI, Kartverket, Norsk regnesentral, BC3 i Bilbao

Offentleg forvalting: Dei sju fylkeskommunane Agder, Nordland, Rogaland, Trøndelag, Vestfold, Vestland, Innlandet og tre statsforvaltarembete: Agder, Trøndelag og Vestfold og Telemark.

Andre: Salten Kraftsamband, SFE, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Norske Reindriftssamers Landsforbund, Norges Nasjonalparkkommuner, Norconsult og Miljøfaglig utredning

Bobler ved saunaen

Nyheita om tildelinga vart kjent for direktøren ved instituttet fredag ettermiddag. På dette tidspunktet sat mange av dei tilsette i ein sauna ved fjorden utan mobilar. Så sjekka ein av dei e-post og fann ei ekstatisk kunngjering frå direktøren. Jubelen stod i taket.

Fleire av forskarane som var til stades, hadde lagt inn tallause dagar og veker i det store lagarbeidet. Folk jubla, klemde kvarandre og prøvde å ringe andre for å overlevere nyheita og gratulere.

Leiaren for søknadsarbeidet hadde akkurat gått for å hente på SFO, men vart kalla tilbake for å skåle i boblevatn og ta imot hyllest og klemmar. Den nye senterleiaren var forfjamsa, men overvelda og glad.

 Det var eit dopaminrush! Tenk at det vi har drøymt om å få jobbe med, no skal bli verkeleg, smiler ho.

Fleire stemmer inn i avgjerdsprosessane

Arealforskinga ved Vestlandsforsking har vakse seg sterk gjennom fleire år. Dei siste åra har instituttet leia fleire regionale, nasjonale og internasjonale prosjekt om tematikken. Vi brukar meir areal enn vi skal, og utbyggarane har fått større innverknad. Det har gått ut over andre interessegrupper og syn.

Karen R. Moberg
Karen R. Moberg tok den første ph.d.-en på arealbruk ved instituttet. Foto: Kyrre Groven

I det nye senteret blir eit viktig føremål å gå til kjernen av dei strukturelle sidene ved arealkonflikter. Kven får stemmene sine høyrde og ikkje, til dømes når planar for eit nytt hyttefelt eller ein vindpark blir lansert av entreprenørar. Svake stemmer kjem sjeldan godt nok fram, og det typiske resultatet er at utbyggarane får det som dei ønskjer. Dette vil forskarane jobbe med på ein djupare måte og med god tid og brei medverknad i utvalde kommunar.

– Vi vil få til ei systemendring, seier senterleiar Gram-Hanssen.

Endring i verdsetjing av natur

Seniorforskar Karen Richardsen Moberg, som blir ein av forskarane i det nye arealsenteret, tok for to år sidan det som blei instituttet sin første doktorgrad om berekraftig arealbruk.

– At vi byggjer ned så mykje areal i norske kommunar, heng saman med eit underliggande samfunnsmessig og politisk jag etter økonomisk og materiell vekst. Ofte blir det prioritert høgare enn miljømessig berekraft, seier Moberg.

FN sitt Naturpanel har framheva samfunnet sin hang til stadig økonomisk vekst som ein av dei viktigaste drivarane bak natur- og klimakrisa. 

– Dei peiker på at vi må få til ei fundamental endring i måten vi verdset natur på når vi tek avgjerder om utbygging, seier Moberg.