Bli med på elvevandring med kunstnaren Keats

Keats ved elv
Den amerikanske kunstnaren Jonathon Keats brukar naturen som tidtakar i dei konseptuelle verka sine. 5. mai vitjar han Sogndalselvi for å delta på ei heilt spesiell vandring langs Sogndalselvi, der forsking møter kunst og der folk sine forteljingar og minne om elva står sentralt. Foto: Michael Conti

Sogndalselvi har forma landskapet og vore med på å prege Sogndal som stad. Men kjenner vi som bur her eigentleg elva vår? Tysdag 5. mai inviterer Vestlandsforsking, KORO og Norce til ei heilt unik vandring langs Sogndalselvi. Der kan du høyre forteljingar og høyre folk med ulik kunnskap om historie, geografi, geologi og menneske sin bruk av naturen og kanskje dele eigne minne eller erfaringar med elva. Med på vandringa er ein amerikansk kunstnar med ein heilt spesiell fascinasjon for elvar.

På elvevandringa 5. mai i Sogndal, plasserer vi elva i hovudrolla. Vassmassane har slynga seg gjennom Sogndalsdalen gjennom hundrevis av år og vore med på å forme landskapet vi bur i og vore med på å skape eit livsgrunnlag for dei som bur her.

Samtidig kan elva utgjere eit trugsmål. Ho kan vere lunefull, og gjennom tidene har folk gjort det dei kan for å hindre flaum og trygge hus, vegar og dyrka mark.

Forsking møter kunst

Koplinga mellom kunst og forsking kjennest nok uventa og underleg for mange. Men faktisk er denne typen samarbeid på tvers av vidt ulike felt, som dette

Elvepadlar i elv
Eirik Hansen, ein av Noregs beste elvepadlarar. Foto: David Sodomka

 samarbeidet mellom samfunnsvitskaplege forskarar og ein konseptuell kunstnar, blitt viktigare for begge partar. 

Der vitskapen produserer kunnskap og fakta, koplar kunsten på kjensler og opplevingar. Begge felta har inspirasjon og kreativitet som drivkraft. For å møte klima- og naturkrisa, trugsmål mot matsikkerheit og andre store samfunnsutfordringar, treng vi òg kunsten. 

Ved Vestlandsforsking har t.d. Ragnhild Freng Dale brukt scenekunst for å bringe folk saman til samtalar om klimaendringar. 

Ekspertutsegner tek oss berre så langt. Korleis kan vi få fram inspirasjon og kreativitet nok til å arbeide med hovudet og hjartet for vår eigen natur? Vi trur ei vandring der elvi får si forteljing frå fleire hald kan hjelpe oss, seier Siri Veland, som arrangerer elvevandringa saman med mellom andre Mari Hanssen Korsbrekke ved Vestlandsforsking. 

Vi vil òg be folk som deltek med på ei samling etter vandringa, der alle som ønskjer det kan skrive og dele sine forteljingar, for å spegle alt det elva er for folk i Sogndal, seier Veland. 

Vi vil temme elvane

Sogndalselvi 1
Sogndalselvi ved Foss og Campus Sogndal. Foto: Vestlandsforsking

Verda over har menneske forsøkt å ta kontroll over elvar. Frå Mississippi til Yangtse og Akerselva har vi med røyr, murar, og betong retta ut elveløp, styrt vassmassane, og demt opp elveleie for å stogge vatnet eller lose det dit vi vil. Slike inngrep vart oppfatta som gode tiltak på 1950-talet, men i dag ser vi dei uheldige konsekvensane: opphoping av sediment på botnen, erosjon langs elvebreidda, raskare og større avrenning og meir skadelege flaumar.

Langs elva Ebro i Spania er eit enormt elverestaureringsprosjekt undervegs. Elva har utspringet sitt i Pyreneane og munnar ut i Middelhavet 930 km lengre aust. Områda elva renn gjennom, har vore råka av alvorleg tørke. Klimaendringane har forsterka tørken, men problema heng òg saman med at folk har endra på elva sitt løp og gjort inngrep i omlandet som før forsynte elva med tilsig av vatn.

No er det bestemt at dei skal tilbakeføre kulturlandskapet, naturområda og Ebro sine svingar til ein meir naturleg tilstand. Det skjer ikkje over hovudet på dei som bur der, men i tett samarbeid mellom kommunar, grunneigarar, innbyggjarar og dei som driv næring langs elva.

Denne omforminga av elva verkar også inn på folk. Eldre innbyggarar har sett ingeniørane sine tekniske eller «grå» løysingar, medan dei yngre har opplevd innfasing av «grøne» løysingar, der ein legg inn naturbaserte «støytdemparar» i vassdraget som gir gevinstar som førebygging av flaum, styrka naturmangfald og større trivsel.

Elva betyr meir enn vi trur

Sogndalselvi har ei geologisk historie som startar heilt tilbake i Devontida. Då snakkar vi om noko mellom 416 millionar år sidan og 359 millionar år sidan – ei tid då kloden hadde tre kontinent og havet stod høgare enn no.

Folk i Sogndal har sine eigne forståingar av kva Sogndalselvi har betydd for dei. Ho har vore drikkevasskjelde, og for dei som dyrkar jorda og held husdyr i dalen, har ho vore ei viktig vasskjelde. Vasskrafta var i si tid nyttig for dei som dreiv mølle på Stedje og la grunnlaget for den tidlege industrien i bygda, der Fossbygget ved Høgskulen på Vestlandet står i dag.

Mange studentar i Sogndal kjenner elva som ein våt leikeplass. Elvepadlarar kjem frå heile verda for å prøve seg i dei brusande stryka med fargerike kajakkar, medan tilskodarar gispar frå gangbrua ved Foss. I elva lever det ei rekke plante- og dyreartar, nokre av dei truga. Gjennom året vekslar vatnet mellom å sildre mildt i sola, bruse friskt og sterkt, på det verste, drønne mot fjorden så føyken står frå fossen. Turgåarar, turistar og folk som tek seg rundt i bygda, merkar elva som eit vakkert bakteppe av stemningar, synsinntrykk, bakgrunnslyd og kanskje ørsmå vassdropar mot huda når fossen er stor. Men elva, straumen og dei strie stryka hennar har òg eit mørke som har slukt for mange.

Tysdag 5. mai inviterer vi deg til ei heilt unik hending: ei vandring langs Sogndalselvi med kunstnaren Jonathon Keats frå San Fransisco i USA. Her får du høyre forteljingar om Sogndalselvi og dele dine eigne forteljingar om elva frå lokalhistorikar Aage Engeseter, geolog Stein Bondevik, elvepadlar Eirik Hansen, og samfunnsvitar Harald Dyrkorn. Arrangementet er støtta av KORO – Kunst i det offentlege rom. Arrangøren er Anne Beate Hovind frå Future Library, Mari Hanssen Korsbrekke ved Vestlandsforsking, Håvard Ese Eliassen i Sogndal kommune, og Siri Veland frå forskingsinstituttet Norce.

Sving i elva
Sogndalselvi er ei bratt elv der vatnet renn fort og av og til voldsomt mot fjorden. I enkelte parti flyt ho òg roleg. Foto: Vestlandsforsking

Naturen i tidtaking

Kunstnaren Jonathon Keats står bak konseptet som er kjernen i Elveforteljing i Sogndal 5. mai. Den første fasen av prosjektet hans var å skape ei såkalla elveklokke for Anchorage Museum i Alaska som vart forstørra og vist på museumsfasaden. Keats jobbar no med ein elvekalender som brukar erosjon til å halde tida ved South River i Atlanta. Verket er tinga av Flux Projects og kom på plass hausten 2025. I tillegg jobbar kunstnaren med å utvikle ei monumental kommunal klokke i Wien. Denne kjempeklokka skal kalibrerast av elva Donau, og kunstnaren samarbeider med forskarar ved Universitetet for naturressursar og biovitskap (BOKU) i Wien.

Keats har òg brukt gamle tre i eit tidtakingsverk for den amerikanske stiftinga Long Now Foundation. Trekalenderen plasserte han mellom tusen år gamle revehalefuruer på Mount Washington i Nevada i 2024. Desse trea styrer òg tida i ei monumental kommunal klokke ved Nevada Museum of Arts.

Vel møtt til ei annleis og givande elvevandring langs Sogndalselvi!

 

Praktisk informasjon:

Tidspunkt: tysdag 5. mai klokka 15.00-17.00

Oppmøte nedanfor Høgskulebygget ved Sogndalselvi (Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal), ved inngangen som vender ned mot elva.

Språket på elvevandringa er norsk, med eit innlegg på engelsk frå Jonathon Keats.

Alle er velkomne! Det er inga påmelding, og det kostar ingenting å delta.

Etter vandringa er det høve til å delta på ein verkstad på Sogndal kulturhus der dei som ønskjer det, kan skrive ned sine eigne historier om Sogndalselvi og levere dei inn til kunstnaren, til bruk i ei utstilling.

 

Forfattarar: Siri Veland, Norce og Idun A. Husbø, Vestlandsforksing