Tilrår meir statleg styring for å ruste Noreg mot framtidas klima
Torsdag overleverte ekspertutvalet for klimatilpassing rapporten «Noreg i hardt vêr» til klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen. Forskingsleiar ved Vestlandsforsking, Halvor Dannevig, har vore medlem i det regjeringsoppnemnde utvalet.
Utvalet leverte tilrådingane sine til statsråden frå Klima- og miljødepartementet 18. juni. Ekspertane har vurdert samfunnsøkonomiske konsekvensar av klimaendringane, og føreslår ei rekkje ulike tiltak for å styrke arbeidet med klimatilpassing i Noreg.
Mellom anna har utvalet plassert ansvaret for å sikre betre kunnskapsgrunnlag og ei tydeleg ansvarsfordeling for tilpassinga på styresmaktene. Eit konkret forslag er å utvikle betre system for å samle inn og spreie informasjon. Det gjeld både informasjon om framtidig vêr og om skadepotensial, men utvalet siktar òg til behovet for å skaffe betre oversikt over kva som blir gjort, og kva som kan gjerast, for å tilpasse seg den nye realiteten.
Alt kostar – men ikkje alt har ein pris
Det kostar å tilpasse seg klimaendringane, men det kostar òg å la vere å tilpasse seg. Det er eitt av hovudmomenta utvalet løftar fram. Samtidig har utvalet berre kunna rekne på kostnader for eit fåtal av konsekvensane dei omtalar, ettersom kunnskapsgrunnlaget er mangelfullt.
Når det gjeld vedlikehald av vegar, viser utrekningane at kostnadene kan bli 2,6 gonger større enn i dag, som følgje av havnivåstiging og stormflo. Når det gjeld flaum- og skredskade på private bygg, reknar utvalet med at kostnadene vil auke med 32 prosent. Begge desse anslaga er basert på eit moderat utsleppsscenario.
Mange andre kostnader vil kome langt fram i tid, og storleiken på slike framtidige skadar er vanskeleg å berekne.
– Me reknar med at dei verkeleg store endringane for det norske samfunnet vil kome som følgje av klimaendringar i andre land. Samtidig har det lege utanfor utvalet sitt mandat å gå grundig inn på dette, seier Dannevig.
I tillegg peikar utvalet på at me som samfunn ikkje vil makte å tilpasse oss alle konsekvensane av klimaendringane. Difor er utsleppsreduksjon også heilt avgjerande for å avgrense skadeomfanget. Dessutan vil klimaendringane ramme oss ulikt. Omstilling kan innebere store kostnader, noko ikkje alle har råd til.
Må redusere presset på naturen
Tilgang til natur og areal står sentralt i mange næringar, anten det handlar om utvikling av infrastruktur, turisme, urfolksnæringar eller landbruk. Samtidig truar klimaendringane naturmangfald og økosystem.
Utvalet framhevar at den beste måten å redusere omfanget av skade på naturen, er å redusere andre former for press, slik som nedbygging av areal, forureining, og hausting og spreiing av framande artar.
– I sum peikar dette på eit behov for sterkare styring av arealbruken vår, avsluttar Dannevig.
For å sikre ein meir samordna styring av klima og natur, føreslår utvalet å styrke den regionale kapasiteten til å rettleie og styrke kommunane i arbeidet deira med klimatilpassing.
Heile den 250 sider lange rapporten kan du lese i sin heilskap her