Webinar 24. mars: Eksplosiv vekst i Airbnb – kva kan kommunane gjere?

webinarplakat

Korttidsutleige gjennom digitale plattformer som Airbnb skaper stadig større utfordringar for reiselivskommunar.
– Norge manglar nasjonal regulering av korttidsutleige, seier seniorforskar Alexandra Meyer ved Vestlandsforsking. I eit webinar 24. mars set vi søkelys på kva kommunane kan gjere med situasjonen.

Sjå webinaret her!

Dei fleste av oss har bestilt overnatting via Airbnb på ferie. Men kva skjer når Airbnb kjem til oss?

Det siste året har Vestlandsforsking gjort ein studie av reiselivet i Indre og Midtre Sogn, med vekt på tolegrenser og mogelegheiter for å spreie turisttrafikken meir utover. Som del av dette oppdraget for Sognarådet, har forskarane sett på utfordringar knytt til korttidsutleige, mellom anna via digitale plattformer som Airbnb.

Bakgrunnen for dette oppdraget er at situasjonen er krevjande for reiselivskommunar med ein pressa bustadmarknad.

– Sognarådet ville difor at vi skulle undersøke kva handlingsrom kommunane har på dette området, seier Kristin Løseth, som har hatt ansvar for det overordna oppdraget for Sognarådet. Seniorforskar Alexandra Meyer har stått for studien.

– Det er sjølvsagt positivt at privatpersonar leiger ut på si for å ha ei ekstrainntekt, men vi må òg sjå på korleis lokalsamfunnet blir påverka og kva kommunane kan gjere med det, seier Meyer.

Vekst på Vestlandet

Talet på Airbnb-leilegheiter i Noreg har meir enn dobla seg frå 2022 til 2025, og dei siste åra har Vestlandet segla opp som ein «hotspot» for utleige via Airbnb. I kommunane Årdal, Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal og Vik har talet på utleigeobjekt på slike plattformer auka med nesten 30 prosent frå 2023 til 2024, melder Skatteetaten.

Aurland ligg på topp i regionen, med 135 utleigeobjekt i 2024. Kommunen står òg i ei særstilling nasjonalt ved at dei ligg på landstoppen når det gjeld utleigeprisar. Utleigarane tener meir per døgn enn i Oslo, Tromsø og Lofoten.

Aurlandsvangen
Aurland kommune er blant reiselivskommmunane som har prøvd å regulere korttidsutleige medan dei ventar på nasjonale innstrammingar. Foto: Jonas Lamis, CC BY 2.0 <https://creativecommons.org/licenses/by/2.0>, via Wikimedia Commons

 

Bustadmangel, høgare prisar og vantrivsel

Forsking frå andre land viser at korttidsutleige kan gå ut over trivselen til fastbuande. Når turistar er innkvarterte overalt, kan folk føle seg framande i sitt eige nabolag. Det viser òg ei undersøking gjennomført blant innbyggarar i Aurland i 2025.

I norsk samanheng er det ikkje nytt at distriktskommunar strevar med bustadmangel, og at det stikk kjeppar i hjula for tilflytting. Dei mest populære reisemåla treng og bustadar til sesongarbeidarar. Reiselivsfirma er blant dei som kjøper opp hus til sine sesongarbeidarar, slik at presset på bustadmarknaden i turistkommunar kjem frå fleire hald. 

Presset på bustadmarknaden i turistkommunar kjem dermed frå fleire hald.

Stefan Karlstrøm
Stefan Karlstrøm i Aurland kommune har sendt brev til fleire utleigarar om å avslutte korttidsutleige. Han ventar no på hjelp frå statleg hald. Foto: privat

Ein innbyggar i Aurland formulerer det slik: "Det er ikkje nødvendigvis Airbnb som er den største skurken, men verksemder som kjøper opp store delar av bustadmarknaden og gjer det vanskeleg for unge å etablere seg."

Resultatet er at leigeprisane stig og det blir vanskeleg for tilflyttarar å finne bustader.

– Innbyggarane opplever at korttidsutleige svekkar lokalsamfunnet, fortrenger fast busetnad og samlar gevinstane frå turismen hos nokre få, ofte eksterne aktørar. Samtidig risikerer kommunen å tape både arbeidskraft og sosial berekraft, seier Meyer.

Verst i Aurland

Fordi Aurland har store utfordringar knytt til bustadmangel, har kommunen – saman med presskommunane Vågan og Arendal – teke til orde for ei klarare grense for når korttidsutleige skal reknast som næring. I dag viser Kommunal- og distriktsdepartementet til omgrepet «omfattande utleige» som ein peikepinn på kor grensa går mellom privat utleige og rein næringsverksemd, eller «skuggehotell».

– Kommunen oppfattar skiljet som upresist og vanskeleg å omsetje til praksis, seier Meyer.

Trass i manglande regulering frå nasjonalt hald, har Aurland kommune sjølv tatt grep og undersøkt omfanget av Airbnb-utleige. Dei har òg bede utleigeaktørar leggje fram opplysningar, med tanke på å vurdere om utleigeaktiviteten ber preg av næringsverksemd.

Lovverket inneheld verktøy

Men kan turistkommunar som står i denne typen bustadskvis, gjere meir?

Hus i Aurland
Aurland har ein pressa bustadmarknad. Her frå Aurlandsvangen. Foto: Agnes B. Engeset

– Sjølv om Norge manglar nasjonal regulering av korttidsutleige, har kommunar eit visst handlingsrom, seier Alexandra Meyer.

Det første dei kan gjere, er å bruke plan- og bygningslova, som opnar for å krevje at bustadeigarar må søke om bruksendring til næringsverksemd for å kunne leige ut.

Gjennom arealplanar sit kommunane på eit anna verktøy: å styre føremålet for visse område i kommunen gjennom planverket.

– Slik kan kommunen hindre at bustader blir brukte til næringsverksemd, seier Meyer.

Kommunar kan òg innføre buplikt, slik konsesjonslova opnar for.

– Førti norske kommunar har buplikt i dag, men ingen av desse ligg i Sogn, opplyser Meyer.

– Regjeringa må kome på bana

Kommunal-  og distriktsdepartementet er i gang med å utgreie kor grensa mellom bustad og næring skal gå. Ein rettleiar skal etter planen vere klar til påske. At det tek litt tid før styresmaktene kjem på bana og regulerer «nye» konsept som dei delingsøkonomien har ført med seg til Norge, er ei kjend problemstilling.

– Likevel er det paradoksalt at det meste her i landet er så strengt regulert, medan internasjonale selskap som Airbnb kan herje fritt utan å betale skatt til Norge, seier Meyer.

Forskaren meiner det er viktig at regjeringa kjem på bana og avklarar kva som skal reknast som “omfattande” utleige, og får på plass ei maksgrense for utleigedøgn.

– Problemet er når det blir ei uregulert næringsverksemd, avsluttar Meyer.

 

Få med deg webinaret om temaet i regi av Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv ved Vestlandsforsking. I samtalen møter du seniorforskar Alexandra Meyer og byggesaksbehandlar Stefan Karlstrøm i Aurland kommune. Samtalen er leia av Idun A. Husabø ved Vestlandsforsking

Tidspunkt: 24. mars kl. 12:15–13:00

Lenke: https://www.youtube.com/watch?v=5YEPqp95IEE

 

Les notatet "Eksisterande og komande utfordringar ved korttidsutleige på kanalar som til dømes Airbnb"