Forskarar utvikla naturpolitisk dokument for Kinn kommune
Kystkommunen Kinn spelar ei sentral rolle i grøne industrisatsingar som krev mykje areal. For å kome kritiske innbyggarar i møte, har Kinn kommune tinga eit såkalla "naturpolitisk dokument" frå Vestlandsforsking. – Dette er ein type nybrotsarbeid som kan vere relevant for mange kommunar, seier forskar Torbjørn Selseng.
Havvind, hydrogen, ammoniakk, batterifabrikkar, datasenter. Det står mange store industrisatsingar og infrastrukturprosjekt på regjeringa si ønskjeliste.
Men slike utbyggingar har ein pris. Naturen vert ofte skadelidande når ein skal utvikle nye industriområde. NRK si dekning av naturtap viser at Noreg bygger ned mest natur og matjord per innbyggar i heile Europa. Desse areala er det kommunane som forvaltar. Situasjonen står i kontrast til det Norge har forplikta seg til internasjonalt: å verne og restaurere 30 prosent natur, samtidig som vi skal kutte kraftig i utsleppa våre av klimagassar dei neste åra.
Slaget om areala
I Florø står slaget. I kommunen sitt utkast til ny arealplan, ønskjer utbyggjarane å jamne bynære holmar med jorda for å gje plass til grøne næringsprosjekt. Dette har ført til sterke reaksjonar lokalt. Eit innbyggjarinitiativ underteikna av 455 personar føreslår å bevare meir natur i skjergarden utanfor Florø. At Kinn kommune har valt å utarbeide eit naturpolitisk dokument, er ein direkte konsekvens av dette innbyggar-initiativet.
Får før har kommunen eit næringspolitisk dokument. Her stakar dei ut ei overordna retning for næringspolitikken i kommunen. Kinn har høg grad av privat verdiskaping og stor sysselsetjing i maritime næringar som offshore og havbruk.
Kinn kommune er ein sentral aktør i satsinga Grøn Region Vestland, som nyleg fekk utmerkinga Årets lokale klimatiltak frå KS, Miljøstiftelsen Zero og Kommunalbanken for innsatsen for å utvikle alternative, grøne næringar på Vestlandet. Vestland fylkeskommune står i spissen for prosjektet.
Samstundes legg satsinga på grøn industri press på naturen, og Kinn kommune kjem dårleg ut i rangeringa Naturkampen, der miljøorganisasjonen Sabima vurderer kor godt fylke og kommunar tek vare på naturen.
– Dei kjem dårleg ut både når det gjeld tap av natur, både historisk og planlagt tap av natur, fortel Torbjørn Selseng, stipendiat og forskar ved Vestlandsforsking.
– Men dette kan sjølvsagt endre seg, og vonleg er det naturpolitiske dokumentet eit ledd i det, seier han.
Naturpolitisk dokument
No har forskarar frå Vestlandsforsking utforma eit naturpolitisk dokument for Kinn kommune – det første i sitt slag. Dokumentet gir ei overordna vurdering av status for naturen i dag og tilrådingar om kva som skal til for å dempe presset på natur framover.
– Kinn representerer ein skvis mange kommunar står i, mellom natur og grøn utvikling, for ein klarar ikkje å ivareta begge deler utan vidare. Slik er denne rapporten ein type nybrotsarbeid som kan vere relevant for mange kommunar, seier Torbjørn Selseng, som leia arbeidet med det naturpolitiske dokumentet.
Kinn kommune har fått Natursats-midlar frå Miljødirektoratet for å gjennomføre prosjektet.
Inviterte til medverknad
For å få brei forankring og gode innspel, la forskarane opp til ein medverknadsprosess. Saman med Kinn kommune inviterte dei eit breitt spekter av deltakarar frå ulike leiarar, til dømes lokale næringsinteresser, naturvernarar og turlag.
– Mange gav uttrykk for eit ønskje om større openheit og meir ærlegdom i arealsaker. Det vitnar om ei oppleving av lokalpolitikk som ugjennomtrengeleg. Folk opplever at dei folkevalde tek avgjerder over hovuda på dei, seier forskar Bror K. R. Tandberg, som var med på å gjennomføre møta.
I medverknadsprosessen tok forskarane utgangspunkt i folk sine personlege verdiar. Dei la òg til rette for at alle som var med, lytta til kvarandre.
Forskarane rådar kommunane til å invitere lokalbefolkninga inn tidleg og gje dei ein reell sjanse til å uttale seg og medverke i spørsmål om arealbruk. Kommunane bør legge fram informasjon om arealsakene i ei form som gjer at fleire kan forstå den, syte for at møte er opne for alle og sikre at kommunikasjonen om avvegingar er klar og tydeleg.
– Dette gjeld sjølvsagt ikkje berre Kinn; det gjeld dei aller fleste kommunane i landet, legg Tandberg til.
Døme til etterfølging?
I rapporten kjem forskarane med fleire råd om korleis den lokale naturpolitikken kan bli betre. Kommunane kan hente mykje på å skjerpe krava til kvalitet og uavhengigheit i konsekvensutgreiingar. Dei kan òg stille meir konkrete krav til prosessen der kommunar legg strategiar for arealbruk.
– Det er mykje å hente når det gjeld vurderingar av naturverdi, sirkulære verdikjeder og dokumentasjon av behov, seier Torbjørn Selseng.
Forskarane meiner at både natur- og arealrekneskap er verktøy som kommunar vil ha stor nytte av å ta i bruk. Dette gjeld ikkje berre Kinn. Mange kommunar strevar med å vege ulike omsyn opp mot kvarandre – klima, natur og eit levande lokalsamfunn.
– Regionalt samarbeid er òg viktig for å hindre at kommunar konkurrerer om å vere den minst restriktive. Då blir det mindre fare for «eksport» av naturinngrep, legg Selseng til.