Ser til stølskulturen for klimatilpassing
Setrar og utmark kan få ei viktig rolle i møte med klimaendringane. Vestlandsforsking skal undersøke korleis kunnskap om tradisjonell skjøtsel kan bidra til meir robuste landbruk og lokalsamfunn
Over heile Norge beitar kyr og sauer i utmarka og rundt gamle stølar, men kva har det med klimaendringar å gjere? Til no har forskarar sett lite på samspelet mellom klima og kulturlandskap i Noreg, men mykje tyder på at det er fleire fordeler ved å hente fram att den rustne ljåen og halde attgroinga i sjakk. Det kan nemleg gjere landbruk og lokalsamfunn meir robuste i ein uroleg tid.
I eit nytt forskingsprosjekt skal forskarar frå Vestlandsforsking og andre fagmiljø undersøke kva vi kan lære av tradisjonelle skjøtselspraksisar i møte med klima- og naturkrisa.
Ikkje berre ein materiell arv
Kulturlandskapet er eit resultat av at folk før oss har utnytta vegetasjon og natur på måtar som sette eit langvarig preg på området. Skjøtsel handlar om å halde desse landskapa ved like.
- Mange stader gror kulturlandskap igjen, og det kan gjere oss meir utsette for klimaendringane enn vi alt er, som i at mindre vatn i bekkane kan føre til mangel på drikkevatn til dyra fortel Korsbrekke.
Ho understrekar at vi må sjå både den materielle og ikkje-materielle kulturarven i skjøtselspraksisar i samanheng med eit samfunn kor premissane for vidare drift stadig er i endring.
– Å skjøtte eit landskap er ibuande politisk arbeid når ein ser det i relasjon til utvikling, arealpress, klimaendringar, tap av biologisk mangfald og anna naturtap, men òg som kultur, identitet og meiningsdanning seier forskaren.
Kulturbaserte løysingar
Lenge har tilpassinga til klimaendringar handla mest om tekniske løysingar, som å byggje ein demning for å hindre flaum. Dei siste åra har det blitt vanlegare å utnytte naturen si eiga evne til å halde på vatn, til dømes ved å opne bekker slik at dei flyt gjennom vegetasjon, sokalla naturbaserte løysingar. Forskarane i prosjektet løftar no fram eit tredje alternativ som dei kallar kulturbaserte løysingar.
Med dette vil dei undersøke kva vi kan lære av tradisjonelle praksisar i landbruket og gamle skjøtselsteknikkar for å ruste oss for ei framtid med meir tørke, flaum og uvêr.
Sogn: Få tradisjonelle stølar i drift
På 1800-talet var det mellom 50 000 og 100 000 aktive stølar i Noreg. No er det under 900 aktive stølar attande som driv med matproduksjon og utmarksbeite.
– Nokre stølar brukast til fritidsbruk eller turisme, men det er eit stort potensial for å ruste opp drifta, seier Korsbrekke.
Saman med Alexandra Meyer skal ho gjere feltarbeid i Valdres og Sogn for å forstå meir av kva vi bør lære av skjøtsel og seterdrift. Ikkje berre er denne tradisjonelle kunnskapen interessant, men også kunnskapen om korleis seterkultur og stølsdrift har tilpassa seg over tid er nyttig i møte med framtida.
I Sogn er det få som driv stølar på tradisjonelt vis og mange gamle sel står til nedfalls. Dei bratte fjellsidene gjer det tungt å transportere utstyr og folk til og frå. Klimaendringane utfordrar denne transporten ytterlegare. Vegar og stiar blir meir utsette for skred og utgliding.
Valdres: Ny vår for stølsdrifta
Litt lenger aust ligg Valdres, kjend for kultur og tradisjonar. Dei siste åra har mange gardar teke i bruk stølar om somrane, og stølsdrifta har fått eit oppsving.
– At dei får det til, handlar litt om lettare tilkomst for køyretøy. Somme bønder har modernisert stølsdrifta med mjølkemaskinar, medan andre driv i mindre skala og på meir tradisjonelt vis, fortel Alexandra Meyer.
Dei to sosialantrologane i Sogndal skal sjå på dei ulike praksisane på eit utval stølar. Dei legg vekt på kva vi bør ta med oss frå gammalt av og kva for nyvinningar som kan bidra til å puste liv i stølane att.
– Vi har òg eit blikk for tilpassingar som bidreg til å redusere klimagassutslepp og kan få landskapet til å tole meir ekstremvêr, påpeikar Korsbrekke.
Korleis lære av kunnskap som ligg i nevane?
Mykje av kunnskapen om stølsdrifta er taus. Teknikkar har gått frå hand til hand til ingen hadde bruk for dei meir.
– Praksisar som mjølking, å kunne «lese» ein flokk eller å ruste opp bygg, er immateriell kunnskap som har gått i arv frå generasjon til generasjon. Slik kunnskap er ikkje allmenn lenger, og det er krevjande å lære seg dette på eiga hand, seier Meyer.
Det same gjeld kunnskap om vêr og vind som gjetarar, budeier og bønder har opparbeidd seg gjennom mange års ferdsel i fjellet. Ved å vere med på feltarbeid på stølane og bli kjende med dei som arbeider der i dag, vil forskarane forstå meir av korleis folk som lever tett på naturen, opplever klimaendringar og andre former for press Tanken er at denne kunnskapen kan gje oss innsikt som er nyttig med tanke på det grøne skiftet.
– Grøn omstilling krev store areal og mykje ressursar, seier Korsbrekke.
Desse behova trugar seterdrifta gjennom vegar og infrastruktur. Også hytteutbygging og turisme kan endre premissane for stølsdrifta. Kanskje kan eldre praksisar og tradisjonell kunnskap bidra med alternative tilnærmingar til korleis samfunnet kan omstille seg.
Forskar på ulike kulturlandskap
Andre forskarar i same prosjekt skal undersøke skjøtsel i ulike kulturlandskap. Mellom anna trur forskarane vi har mykje å lære av skjøtselav lyngheier, både med moderne og tradisjonelle metodar. Siri Veland frå Norce, som leier prosjektet, har forska på nettopp dette. Ho og Scott Bremer ved UiB skal undersøke lyngheibrenning på øya Lygra, der folk har brent busk og kratt for å minske brannfare, hindre attgroing og gje ny næring til jorda. Ein har funne spor som tydar på at folk har drive med lyngheibrenning på Vestlandskysten dei siste 5000 åra, ofte i kombinasjon med beitehald.
Også sankepraksisar i Salten og urbant landbruk på Losæter i Oslo skal under lupa i forskingsprosjektet som starta opp i 2026 og varer i tre år.
Norsk seterkultur i vinden
For Vestlandsforsking er det stølskulturen som står i fokus. Her har det skjedd store ting på den internasjonale arenaen. I desember 2024 vart norsk seterkultur skriven inn på UNESCO si liste over verda sin immaterielle kulturarv. Det gir norske aktørar god drahjelp. Då organisasjonane Norsk Seterkultur og Nasjonalt senter for fjellandbruk arrangerte seterkonferanse på Røros nyleg, deltok fleire enn nokon gong før. Korsbrekke og Meyer var blant dei mange deltakarane.
– Dette er ein spennande utvikling som vi kjem til å følgje nøye med på, fortel Meyer.