Sterkt fagmiljø innan regional utvikling på studietur i Sogn
Nyleg fekk Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv og Vestlandsforsking besøk av ein delegasjon forskarar, interesseorganisasjonar og finansiørar som ville høyre om deira arbeid.
Dei besøkande, frå NordRegio, KS, Distriktssenteret, Interreg og Arktisk råd var særleg interesserte i å høyre om planlegging og regional utvikling og korleis ein i Sogn arbeider med å gjere det til ein attraktiv stad å bu. Dei besøkande samarbeider om eit forskingsprosjekt, leia av NordRegio, eit nordisk forskingsinstitutt med hovudkontor i Stockholm.
- Vi ønskjer å lære korleis kommunane kan bli skape attraktive plassar fortel Gunvor Eldegard som er seniorrådgjevar for samferdsel, plan og miljø i KS, og som har planlagt studieturen.
Ho trekk mellom anna fram Sogndal som eit døme på ein kommune som i stor grad har lukkast med å skape eit attraktivt bumiljø kor unge ønskjer å flytte til.
Erfaringar frå reiselivet
Delegasjonen vart òg vist rundt på Urnes Stavkyrkje og fekk høyre om trengsel om sommaren når ferja er proppfull og bussane står i stampe langs den smale vegen inn Lustrafjorden. Og det enda før det planlagde verdsarvsenteret på Urnes står klart.
- Som ein del av attraktivitet så ønskjer vi fleire turistar, men det må gjerast på ein berekraftig måte legg Eldegard frå Kommunesektorens organisasjon til.
Hjå Vestlandsforsking fekk delegasjonen høyre Kristin Løseth og Alexandra Meyer frå Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv fortelja om sitt arbeid. Aktiv besøksforvaltning er eit viktig stikkord, for å sikre at turisme kjem på ein måte som ikkje tærer for mykje på verken natur eller lokalbefolkninga.
- Attraktivitet for tilreisande og lokalbefolkninga heng i lag. Turisme kan bidra til at ein har tilbod som kafear og butikkar i små lokalsamfunn, men dersom det kjem for mange turistar kan det bli ein belastning for lokalbefolkninga, til dømes langs smale vestlandsvegane, på ferjer og inne i små bygder fortel Løseth som leiar kunnskapssenteret.
Viste fram Sogn
Delegasjonen hadde eit tett program på deira visitt til Sogn. Statens Vegvesen, beredskapsarbeid, ungeinvolvering i kommunane, og ikkje minst sidergardar har stått på programmet. Mange av utfordringane som kommunane i Sogn står overfor liknar på dei som kommunar i heile Norden jobbar med kvar dag, difor kan det vere mykje å hente på erfaringsdeling.
- Og så er det veldig kjekt å få vise fram Vestlandet og attraktive kommunar her avsluttar Eldegard, som sjølv har røter frå Sogn.