Møt oss på Arendalsveka!
Forskarar frå Vestlandsforsking deltek som vanleg på Arendalsveka, og i år stiller vi med seks eigne arrangement som set søkjelys på natur, inkludering i det digitale skiftet, klimarisiko, og lokal samfunnsutvikling. Vi inviterer samarbeidspartnarar, avgjerdstakarar og alle interesserte til å kome og høyre på og delta i diskusjonane.
I år har vi seks eigne arrangement på Arendalsuka 10. til 14. august. I tillegg deltek fleire forskarar frå instituttet på arrangementa til andre aktørar. Nedanfor finn du ei oversikt over arrangementa til Vestlandsforsking:
Kvar står kommune-Noreg etter 20 år med klimatilpassing? Lansering av klimarisiko-rangeringa 2026
Kor langt har norske kommunar kome i arbeidet med klimatilpassing? På dette arrangementet viser Torbjørn Selseng den nye klimarisiko-rangeringa frå Norsk klimamonitor, som er ei teneste klimatilpassingssenteret Noradapt leverer.
Vi diskuterer kva funna seier om status og vidare behov for dette svært aktuelle arbeidet. Vestlandsforsking bidreg med forskingsbasert kunnskap om korleis kommunar kan styrke arbeidet sitt med å førebu seg på ulike utslag av klimaendringane.
Inkluderande arbeidsliv i det grøne og digitale skiftet
Det grøne og digitale skiftet skapar nye moglegheiter, men òg utfordringar for arbeidslivet. Korleis sikrar vi at omstillinga vert inkluderande? Vestlandsforsking deltek i samtalen om korleis kompetanse, teknologi og politikk kan bidra til eit meir rettvist og inkluderande arbeidsliv.
Er norsk arealpolitikk rettferdig?
Arealbruk er eit sentralt tema i møte med både naturkrise og klimautfordringar. I dette arrangementet diskuterer vi rettferd i norsk arealpolitikk – kven vinn og kven tapar når areal skal fordelast? Vestlandsforsking bidreg med perspektiv frå forsking på berekraftig arealforvaltning.
Store skip til små bygder – korleis kan bygdene sitje att med større inntekter?
Cruisetrafikk og turisme gir både moglegheiter og utfordringar for små lokalsamfunn. Korleis kan ein sikre at verdiskapinga kjem lokalsamfunna til gode? Vestlandsforsking inviterer til ein sofasamtale der vi tek tempen kva som trengs av kunnskap for å sørgje for at cruiseturisme kan foregå på ein meir skånsom og berekraftig måte.
Klimaendringar og natur i Noreg – meir enn berre dårlegare skiføre
Klimaendringane påverkar både natur og samfunn på mange måtar. I dette arrangementet løftar vi blikket utover dei mest synlege effektane og diskuterer kva endringane betyr – og kva vi kan gjere. Vestlandsforsking bidreg med forsking på klima- og naturendringar og tilpassingsstrategiar.
Ord som skadar – korleis kan vi motverke digital vald og netthets?
Netthets og digital vald er eit aukande samfunnsproblem, både i Norge og elles i verda. Korleis kan vi forstå dette fenomenet – og kva kan vi gjere for å motverke det?
Vestlandsforsking deltek i diskusjonen med kunnskap om korleis hatefulle ytringar artar seg på nettet og kva vi kan gjere for å stoppe dagens utvikling.
I tillegg til arrangementa ovanfor, vil forskarar frå Vestlandsforsking også vere å finne i fleire spennande diskusjonar under Arendalsveka:
Vi ser fram til gode samtalar, nye møte og viktige diskusjonar under Arendalsveka 2026!