Forskingssamarbeid skapar grønare arbeidsplassar i Vestland
Den 5.–6. mai møttest partnarane i Forregion Vestland - representert ved HVL, Vestlandsforsking og Vestland Fylkeskommune - til samling i Sogndal og Balestrand, der forskingsbasert innovasjon i næringslivet stod i fokus.
Samlinga starta hjå Vestlandsforsking med eit dialogmøte mellom Grøn region Vestland, Sogn Biohub og forskingssenterleiarane for Landfutures og Senter for berekraftig reiseliv ved Vestlandsforsking. Tema var forskingspolitikk, regional utvikling og korleis ein kan styrkje arbeidet med innovasjon i Vestland.
Under besøket hjå Balholm AS i Balestrand fekk deltakarane sjå korleis restavfall frå siderproduksjon vert nytta til nye produkt.
Normontana SA presenterte òg sitt arbeid med å auke verdiskapinga frå sauehald gjennom forskingsprosjekt saman med Vossakjøt og Nofima.
Samlinga vart avslutta på Kviknes Hotel, der partnarane drøfta korleis Forregion Vestland og Grøn region Vestland kan støtte hubane betre i arbeidet med forskingsbasert innovasjon.
Forregion Vestland samarbeidet i fylket er ei viktig satsing for at fleire bedrifter tek i bruk forsking for å skape innovasjon, berekraftig verdiskaping og grøn konkurransekraft. Grøn region Vestland er fylkeskommunen si store satsing for å fremje grøn omstilling og sirkulær økonomi næringslivet, med heile 19 hubar og over 300 prosjekt. Saman utgjer desse to satsingane ein kraftfull motor for å omsette forsking til berekraftig verdiskaping og nye grøne arbeidsplassar i heile fylket.