• Klimathon Voss

    Når det gjeld arealplanlegging, blir kommunane blir pressa frå alle kantar: Dei må byggje bustader, men verne naturen. Kutte utslepp av klimagassar, men òg sikre vekst. Årets Klimathon er lagt til Bodø, og oppgåva deltakarane skal samle seg om, handlar om å utvikle konkrete løysingar på arealspørsmål.

  • Arendal sentrum

    Arendalsveka 2026 baud på viktige diskusjonar om korleis Noreg skal møte dei store omstillingane knytte til klima, natur, teknologi og samfunnsutvikling. Vestlandsforsking arrangerte i år seks debattar i Sognahuset.

    – Vi fekk samla forskarar, politikarar, næringsliv og offentlege aktørar til samtalar om viktige utfordringar, seier direktør Anne Karin Hamre.

  • Arendal 2024

    Forskarar frå Vestlandsforsking deltek som vanleg på Arendalsveka, og i år stiller vi med seks eigne arrangement som set søkjelys på natur, inkludering i det digitale skiftet, klimarisiko, og lokal samfunnsutvikling. Vi inviterer samarbeidspartnarar, avgjerdstakarar og alle interesserte til å kome og høyre på og delta i diskusjonane.

  • Westcon Yards Florø

    Kystkommunen Kinn spelar ei sentral rolle i grøne industrisatsingar som krev mykje areal. For å kome kritiske innbyggarar i møte, har Kinn kommune tinga eit såkalla "naturpolitisk dokument" frå Vestlandsforsking. – Dette er ein type nybrotsarbeid som kan vere relevant for mange kommunar, seier forskar Torbjørn Selseng.

  • Mørke skyer over holme, Espen Bierud, Unsplash

    Torsdag overleverte ekspertutvalet for klimatilpassing rapporten «Noreg i hardt vêr» til klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen. Forskingsleiar ved Vestlandsforsking, Halvor Dannevig, har vore medlem i det regjeringsoppnemnde utvalet.

  • delegasjon frå NordRegio på ferje til Urnes

    Nyleg fekk Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv og Vestlandsforsking besøk av ein delegasjon forskarar, interesseorganisasjonar og finansiørar som ville høyre om deira arbeid.

Nye prosjekt

Nye publikasjonar