Naturpolitisk dokument for Kinn kommune

Vestlandsforsking skal utforme eit kunnskapsbasert og framtidsretta naturpolitisk dokument som balanserer grøn næringsutvikling med omsynet til natur og klima i Kinn kommune. Dokumentet blir utforma i dialog med kommunen.

Dokumentet gir ei samla og forståeleg framstilling av internasjonale, nasjonale og regionale føringar, dagens natur- og arealsituasjon i Kinn, og dei viktigaste verktøya kommunen kan ta i bruk for berekraftig arealval. I tillegg gjennomfører prosjektet ein inkluderande medverknadsprosess som kan gi brei lokal forankring og skape eit felles verdigrunnlag for framtidig arealforvaltning.

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Kinn kommune
Prosjektnummer:
6731
Publikasjon(ar):
Aktuelt:
  • Westcon Yards Florø

    Kystkommunen Kinn spelar ei sentral rolle i grøne industrisatsingar som krev mykje areal. For å kome kritiske innbyggarar i møte, har Kinn kommune tinga eit såkalla "naturpolitisk dokument" frå Vestlandsforsking. – Dette er ein type nybrotsarbeid som kan vere relevant for mange kommunar, seier forskar Torbjørn Selseng.