Inkludering og tilhøyrigheit i vitensenter
ViteMeir skal gjennomføre endringar i utstillinga si med mål om å betre inkludering og auke kjensla av tilhøyrigheit blant besøkande, samt auka kunnskap om utforming av «labels» og instruksar for ViteMeir. Endringane består i fjerning av tekst og innføring av instruksjon i tråd med Edge-prinsippa, utvikla av vitensenteret Exploratorium1
. Vestlandsforsking er engasjert for å kartlegge besøkande si oppleving ved utvalde installasjonar både før og etter at endringane er gjennomførte, slik at effekten av tiltaka kan dokumenterast.
Målgruppe: skuleelevar/klassar på 8. og 9. trinn (12 – 14 år)
ViteMeir ønskjer kunnskap om korleis endringane bidreg til:
• at installasjonane blir meir attraktive – om fleire ønskjer å teste dei
• kjønnsbalansen blant brukarane
• endring i engasjement med installasjonen etter endring ved Vite Meir
• at besøkande viser forståing for kva kunnskap / fenomen installasjonen formidlar