Moglegheitsstudie og tolegrenseanalyse for Sognefjorden

Sognarådet har tildelt Vestlandsforsking oppdraget med å gjennomføre ein tolegrense- og moglegheitsstudie for Sognefjorden, i samarbeid med Visit Sognefjord. Målet med studien er å skaffe eit betre grunnlag for å handtere veksten i turismen på ein berekraftig måte. Gjennomføring av ei god tolegrenseanalyse- og moglegheitsstudie krev god kompetanse på fleire fagområde. Vestlandsforsking har inngått eit samarbeid med Norsk institutt for naturforsking (NINA) og rådgjevingsselskapet SPOR som har god kompetanse innan besøksforvaltning og slitasje på turstiar. 

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Sognarådet
I samarbeid med:
SPOR AS
NINA
Prosjektnummer:
6707
Aktuelt:
  • plakat

    Fleire legg ut på tur i Norge. Det betyr meir slitasje på stiar og større påkjenningar for dyr og planter. Kva kan vi gjere med det?

  • Webinardeltakarar hyttetema

    Våren 2026 byr Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv på ei webinarrekke med tema frå eit oppdrag for Sognarådet og enkeltkommunar i Sogn. Nedanfor kan du sjå alle webinara vi har hatt. Du finn òg lenker til webinara vi skal halde i mai og i juni.

  • Webinarplakat

    Korleis kan vi styre friluftsfolket unna villreinen slik at begge partar får det dei treng? Og kven skal ta jobben med å informere? Sjå webinaret vårt 16. april, der vi legg fram nye funn og snakkar om korleis vi kan løyse knipa. Der møter du ein som nyleg har studert temaet, ein naturvegleiar og ein turistvert i Nordfjella, der reinen har vore vekke sidan skrantesjuka.

  • webinarpromo

    I Sogndal sitt skiparadis ønskjer utbyggarar seg opptil 1000 nye hytter. Kva vil lokalsamfunnet tene på det? Korleis kan kommunar sikre at dei få varige verdiar ut av hyttebygging? Det er tema for eit webinar i regi av Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv 9. april. 

  • webinarplakat

    Korttidsutleige gjennom digitale plattformer som Airbnb skaper stadig større utfordringar for reiselivskommunar.
    – Norge manglar nasjonal regulering av korttidsutleige, seier seniorforskar Alexandra Meyer ved Vestlandsforsking. I eit webinar 24. mars set vi søkelys på kva kommunane kan gjere med situasjonen.

  • Agnes B. Engeset presenterer

    Vestlandsforsking har det siste året kartlagt tilstanden i reiselivet i Sogn på oppdrag frå Sognarådet. Visit Sognefjord inviterte nyleg til arbeidsverkstad basert på Vestlandsforsking sine funn.
    – Vi har teke temperaturen på kommunane i regionen, og sett at den er høg i visse område, til dels veldig høg, seier forskarane bak studien.

  • Folkemøte Skjolden

    Dei tre kommunane i Sogn som har anløp av cruiseskip, har gitt Vestlandsforsking i oppdrag å undersøke korleis innbyggarane opplever både cruiseturisme og turisttrafikken på land. I juni går eit spørjeskjema ut til folk i Aurland, både på papir og digitalt. Seinare kjem turen til Luster og Vik.
    – Med stadig fleire turistar, har kommunar og reisemålsselskap blitt meir opptekne av å ta omsyn til fastbuande. Difor er slike undersøkingar heilt avgjerande, seier Agnes Brudvik Engeset.

  • to forskarar utanfor bygg

    Vestlandsforsking er midtvegs i eit spennande oppdrag for sin eigen reiselivsregion. Forskarane bak studien av tolegrenser og mogelegheiter trekker på erfaring frå prosessar i Hardanger og på Svalbard.
    – Sidan vi veit at det er venta stor vekst i reiselivsregionen vår, er det viktig at innbyggarane er nøgde, seier Engeset om studien, som er tinga av Visit Sognefjord.