kunstig intelligens

Artiklar

  • Forskar og gründerar, kvinna i midten held fram mobil med appen Kulturjakten

    Med midlar frå Forskingsrådet skal Vestlandsforsking følgje gründerbedrifta bak appen Kulturjakten når dei løftar tenesta si til eit nytt nivå ved hjelp av kunstig intelligens.
    – Å kunne hjelpe slike spennande aktørar med forskingsbidrag, er heilt topp, seier Ivar Petter Grøtte.

  • Rajendra Akerkar

    I 16 år har den indiske KI-forskaren Rajendra Akerkar vore ei drivkraft for den internasjonale teknologiforskinga ved Vestlandsforsking. I år fyller han seksti og kan sjå tilbake på ein fantastisk karriere i fire verdsdelar. Våren 2026 blir han feira av tidlegare studentar i India med ein eigen konferanse.

  • Arrangørar av KI-innlegg

    Det er ikkje kvar dag forskarar frå amerikanske toppuniversitet vitjar Sogndal. 9. september kjem Sarah Newman frå Harvard for å delta i ein open samtale om kunstig intelligens i utdanning, i regi av Høgskulen på Vestlandet (HVL), FCL-nettverket og IT-forum Vest.
    – Vi ønskjer å løfte fram ei viktig samfunnsutvikling og bidra til refleksjon og dialog, seier Øyvind Heimset Larsen, medarrangør gjennom IT-forum Vest.

  • To forskarar utanfor VF

    Kva utfordringar kan oppstå når arbeidsplassen innfører kunstig intelligens? Vestlandsforsking og Nordlandsforsking skal samarbeide om ei kunnskapsoppsummering som kan hjelpe Noreg å være i front på etisk og trygg bruk av kunstig intelligens.

  • Middelaldrande mann i skjorte med briller står ute, ser i kamera

    Vestlandsforsking har gått vidare i konkurransen om å få etablere nasjonale forskingssenter på kunstig intelligens. Før helga vart det kjent at instiuttet er med i tre av søknadene som er valde ut til å gå vidare til det siste steget i Forskingsrådet sin prosess.
    – Utruleg gledeleg, seier direktør Anne Karin Hamre.

  • Utøya-workshop skjermdump av ansikt på innleiarar og deltakarar

    Hatprat trugar mangfaldet i den offentlege samtalen, mellom anna ved å stilne mange stemmer i viktige samfunnsdebattar. I helga fekk forskarar frå Vestlandsforsking delta på ei samling på Utøya for ungdommar som jobbar for å motverke hatprat.

Publikasjonar

Prosjekt