Kunnskapsoverføringer i utviklingen av et 100 prosent fornybart energisystem

Prosjektaktivitet
Id:
Mars 2026

Carlo og Tara presenterte funn frå SusRenew-prosjektet og kunnskapsnotatet Klimarisiko i overgangen til fornybar energi i NTRANS sin webinarserie 25. mars 2026.

Presentasjonen utforska korleis klimaendringar påverkar det norske energisystemet, og korleis desse verknadene endrar seg etter kvart som systemet sjølv vert omforma. Når Noreg går mot eit hundre prosent fornybart energisystem, kan klimarisiko ikkje lenger forståast som isolerte verknader av einskilde vêrhendingar. Med utgangspunkt i IPCC sitt rammeverk viste foredragshaldarane korleis risiko vert forma av samspelet mellom farar, eksponering og sårbarheit; faktorar som alle er i endring etter kvart som energiomstillinga skrid fram.

Sentrale tema var korleis samansette klimahendingar, der fleire vêrhendingar oppstår samstundes eller i sekvens, skapar særlege utfordringar for eit stadig meir elektrifisert og vêravhengig energisystem. Aukande nettpress, nye eksponeringsmønster og manglande integrering av klimarisiko i energiplanlegginga vart drøfta som faktorar som kan føre til store samfunnsøkonomiske kostnader og svekke tilliten til energitryggleiken.

Presentasjonen understreka behovet for å gå vidare frå eit perspektiv som berre ser på isolerte klimapåverknader og heller utvikle strategiar som styrkjer robustheit og tilpassingsevne i energisystemet.

Presentasjonen tok utgangspunkt i policy brief Climate risk in the transition to renewable energy og to publiserte artiklar:

  1. Overlooked climate risks in the ongoing renewable energy transitions
  2. From climatic hazards to systemic vulnerabilities: Evolving perceptions of climate risk in Norway's renewable energy sector