Webinar 16. april: Fleire folk til fjells – kva med villreinen?

Webinarplakat

Korleis kan vi styre friluftsfolket unna villreinen slik at begge partar får det dei treng? Og kven skal ta jobben med å informere? Sjå webinaret vårt 16. april, der vi legg fram nye funn og snakkar om korleis vi kan løyse knipa. Der møter du ein som nyleg har studert temaet, ein naturvegleiar og ein turistvert i Nordfjella, der reinen har vore vekke sidan skrantesjuka.
– Over tid svekker ferdsla i fjellet både dyra si helse og bestandane si evne til å overleve, seier Haaken Christensen i rådgjevingsselskapet Spor Natur og Reiseliv, som har gjennomført ein studie i samarbeid med Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv.

Kvite vidder under sola er sjølve draumen for turgåarar med ski på beina. Men trongen vår til å ferdast der vi vil i fjellet, går ut over ein part som manglar ei stemme i debatten. Vi snakkar om villreinen, som dei siste tiåra har fått stadig mindre plass å leve på.

– Svekkjer overlevingsevna

Nedbygging av fjellområde nær villreinen skjer framleis. Hytter, infrastruktur og naturbasert reiseliv et seg òg innpå det ein gong så aude høgfjellet. I visse deler av året er dette nærværet skadeleg for ein art som sårt treng å vere i fred.

– At fleire ferdast i område som Nordfjella kan føre til meir stress, flukt, redusert beitebruk og fragmenterte leveområde for den allereie sårbare villreinen. Over tid svekker dette både dyra si helse og bestandane si evne til å overleve, seier Haaken Christensen i Spor Natur og Reiseliv.

Villrein - frå norsk villreinsenter
Villreinen er sårbar for støy og forstyrringar, særleg når dyra trekker mot kalvingsområda i april og maai. Denne periooden fell saman med topptursesongen. Foto: Anders Mossing, Norsk Villreinsenter

Kunnskapen når ikkje fram

Norsk villreinsenter er blant dei som formidlar informasjon om villreinen sine behov, som særleg er store i kalvinga på våren. Tidspunktet fell dessverre saman med sesongen for toppturar, og mange fjellovergangar opnar tidleg for å fylle reiselivet sine behov.

– At Sognefjellet opna 1. april i år, er eit grelt døme. Vegen er i konflikt med det viktige trekket til kalvingsområda, seier Christensen. Han understrekar at mange gjerne vil ta omsyn, men manglar kunnskap om villrein. Difor er det viktig at aktørane som har verktøy, trer inn med tiltak – frå betre informasjon på nettet til skilt om stoppforbod.

– I reiselivet snakkar ein om kundereisa, og den startar alt i ein sofa i Hamburg når ein framtidig norgesturist set seg til for å planlegge turar og opplevingar, seier Haaken.

Foto Ringebu villreinskilt
På enkelte fjellovergangar er det sett opp skilt som forbyr stopp av omsyn til villreinen. Foto: Paul Nilsen, Ringebu fjellstyre

Men også guideselskap, hyttevertar og andre har ei viktig rolle. Det uroar Christensen at utanlandske «cowboyselskap» kan gjere som dei vil i norsk natur utan sertifisering og løyve.

Kva kan kommunar gjere?

Trusselen mot villreinen merkast også i fjellområda i Aurland og Luster, og Spor AS gjorde i 2025 ein studie i samarbeid med forskarar ved Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv ved Vestlandsforsking. Spor AS såg særleg på kva kommunar i villreinområde kan gjere, ettersom det var noko dei to sognekommunane ønskte å få meir kunnskap om.

I eit webinar 16. april ser vi på kva tiltak som kan hindre at ferdsel i fjellet forstyrrar villreinen. Vi har med oss Haaken Christensen i rådgjevingsselskapet Spor AS, Solveig Kvakestad ved Steinbergdalshytta i Aurlandsdalen og naturrettleiar Kamilla Rust frå Norsk villreinsenter Nord. Samtalen er leia av Idun A. Husabø frå Vestlandsforsking.

Tidspunkt: torsdag 16. april kl.12.15-13.00

Lenke til webinaret