kulturturisme

Artiklar

  • Forskar og gründerar, kvinna i midten held fram mobil med appen Kulturjakten

    Med midlar frå Forskingsrådet skal Vestlandsforsking følgje gründerbedrifta bak appen Kulturjakten når dei løftar tenesta si til eit nytt nivå ved hjelp av kunstig intelligens.
    – Å kunne hjelpe slike spennande aktørar med forskingsbidrag, er heilt topp, seier Ivar Petter Grøtte.

  • museum

    Sognebygdene er rike på kulturarv og opplevingar i skjeringspunktet mellom natur og kultur. Kaupanger i Sogndal kommune har både stavkyrkje, folkemuseum og vitensenter innafor kort avstand. Men korleis kan desse attraksjonane brukast meir medvite for å styrke bulyst og stadidentitet? Det skal Vestlandsforsking og tre lokale aktørar sjå på i eit nytt forprosjekt.

  • Agnes B. Engeset

    Norsk reiseliv skal bli meir berekraftig, men korleis? Agnes Brudvik Engeset ved Vestlandsforsking er med i ei strategigruppe som føreslår prioriteringar for forsking og innovasjon i reiselivet fram mot 2030. Her og i instituttet sitt høyringssvar til reiselivs-NOU-en “Leve og oppleve”, bringer Engeset inn viktige perspektiv frå fagmiljøet ved instituttet.

  • fjellturisme, breføring

    Vestlandsforsking har fått finansiering til fleire nye forskingsprosjekt, både frå Noregs forskingsråd og Regionale forskingsfond. To prosjekt handlar om arealbruk og klima og eitt om korleis klimaendringane påverkar fjellturismen. I tillegg kjem eit prosjekt om tradisjonshandverk og kulturturisme i Kvam og eit om nye og berekraftige helsetenester i Sunnfjord.

Prosjekt