Berekraftig sirkulærøkonomi

Killari Hotaru - Unsplash

Næringslivet må omstille seg frå lineær til bærekraftig sirkulær økonomi for at samfunnet skal nå klimamål og ta meir vare på både fornybare og ikkje-fornybare ressursar. For å utvikle meir bærekraftige sirkulære verdikjeder der avfall og restressursar frå ei eller fleire verksemder skal gå inn i produksjon av varer og produkt hjå andre verksemder, må vi få oversikt over kor store mengder som kan gå inn i kortare sirkulære kretslaup innanfor eit geografisk område. Det må gjennomførast ei kartlegging av mengder, volum, kjemiske/fysiske eigenskapar til avfallet, energiinnhald, om avfallet innheld helse og miljøfarlege stoff mm. Denne kartlegginga kan VF gjennomføre for ei bedrift, eit næringsområde, eller på kommune/regionnivå. Vår faglege bakgrunn gjer at vi også kan seie noko om klimagassutslepp for nye sirkulære produkt inkl. transport i heile livsløpet frå vogge til grav/port, vi kan vurdere kor berekraftig den sirkulære verdikjeda er ut frå rådande og eigenutvikla sirkulære prinsipp som skal sikre minst mogleg miljøpåverknad samtidig som det skal gje høg sosial og økonomisk berekraft.

Relevante publikasjonar:
Rapport
Av:
Adam O'Toole
Morten Simonsen
Fredrik Moltu Johnsen
Torunn Gauteplass Hønsi
Samarbeidspartnarar: