Straumprisar i fortid og framtid: Kva styrer prisane, og kan prisane styrast?

Av:
Artikkel
Id:
Juni 2026
Utgjevar:
Scandinavian University Press, Fordantologien 2026
I dei seinare åra har det skjedd store endringar i straummarknaden i Noreg. Gjennomsnittsprisen i Sør-Noreg var meir enn tre gonger høgare i perioden 2021–2022 enn i perioden 2013–2020. I Midt- og Nord-Noreg, derimot, var prisane om lag som før. Dette skapte store økonomiske problem for både bedrifter og hushald i Sør-Noreg, og årsakene til prisstigninga vart heftig debattert.
Denne artikkelen søker å dokumentere årsakene til historiske straumprisar i Noreg, og spesielt kva som var årsakene til prisstigninga i Sør-Noreg i 2021–2022. Artikkelen tek også opp til drøfting kva faktorar som vil påverke framtidige straumprisar, og kva styresmaktene kan gjere for å styre eller kontrollere prisutviklinga.
Tidseriedata for straumprisar, temperaturar og produksjon og forbruk av straum vart henta frå ulike offentleg tilgjengelege register. Angrepsvinkelen i artikkelen er at fortidige hendingar blir dokumentert og tolka opp mot notidig status, og så teke med vidare inn i ei konseptuell framtid der styresmaktenes høve til å påverke straumprisane blir drøfta.
Historisk har magasinfyllinga betydning, ved at prisane aukar ved låg magasinfylling, og minkar ved høg magasinfylling. Resultata viser elles at temperatur påverkar straumprisane ved at prisen aukar når det blir kaldare, og omvendt. Forbruket er også størst når det er kaldt, og då er altså straumen dyrast. Straum blir mykje brukt til oppvarming i Noreg, og på kort sikt har ikkje folk noko anna val, slik at etterspørselen blir uelastisk. Prisauken i perioden 2021–2022 kan i stor grad forklarast av to nye utanlandskablar og krigen i Ukraina. Når det gjeld framtidige prisar, er det nokre faktorar norske styresmakter ikkje kan gjere noko med, som t.d. krigsutbrot, ulykker og andre overraskande hendingar, og tiltak frå andre styresmakter. Vår drøfting viser likevel at styresmaktene har gode høve til å påverke straumprisane gjennom ulike marknadstiltak og tiltak retta inn mot tilbods- og etterspørselssida i marknaden.