Torunn er seniorforskar og gruppeleiar for forskingsgruppa Teknologi og samfunn ved instituttet.
Ho har eit breitt forskingsfelt som særleg tek føre seg overgangen til eit grønt og berekraftig næringsliv. Dette inkluderer policyutvikling og praktisk implementering av berekraftig sirkulær økonomi, utvikling av bioøkonomi og til korleis klimaendringar påverkar utslepp av miljøgifter og ureining i vassdraga, fjordane og havet vårt.
Ho har ein solid naturvitskapleg bakgrunn med hovudfag i molekylær cellebiologi frå NTNU i 1995 og ein dr. grad i økotoksikologi frå Universitetet i Oslo i 2001. Ho har ein variert yrkesbakgrunn som gjev ho unik innsikt i både teori og praksis: ho har m.a. vore forskar hjå Folkehelseinstituttet med risikovurdering og klassifisering/merking av kjemikaliar, ho har vore lektor i naturfag på Luster vidaregåande skule, førsteamanuensis i cellebiologi, fysiologi og genetikk ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og vore driftssjef i det interkommunale avfallsselskapet SIMAS IKS. Med åtte års erfaring frå miljøvernavdelinga hjå Statsforvaltaren, driftssjef erfaring og fleire år som styreleiar/styremedlem i eit avfallsselskap, har ho svært god kjennskap til både regelverk og forvalting for avfallsbransjen.