Bli med på Klimathon 2026: Konkrete løysingar på areal-dilemma
Når det gjeld arealplanlegging, blir kommunane blir pressa frå alle kantar: Dei må byggje bustader, men verne naturen. Kutte utslepp av klimagassar, men òg sikre vekst. Årets Klimathon er lagt til Bodø, og oppgåva deltakarane skal samle seg om, handlar om å utvikle konkrete løysingar på arealspørsmål.
Klimathon er eit arrangement som i fleire år har gått føre seg på Vestlandet. Arbeidsforma er enkel: Arrangørane set saman grupper med deltakarar som utfyller kvarandre godt, og gruppene står fritt til å velje arbeidsform, så lenge diskusjonane munnar ut i eit resultat dei kan legge fram for alle på Klimathon etterpå.
Frå 6. til 8. oktober i haust møtest forskarar, arealplanleggjarar, næringslivsaktørar og forvaltning for å jobbe fram konkrete løysingar på utfordringar knytte til arealbruk, klimatilpassing og utsleppskutt.
Arealskvisen
Kommunane står overfor stadig fleire krav når dei skal planleggje framtidas lokalsamfunn. Samstundes som det skal leggjast til rette for bustader og næringsutvikling, skal natur bevarast, utslepp reduserast og samfunnet tilpassast eit klima i endring.
Under Klimathon 2026 i Bodø møtest forskarar, kommunar, fylkeskommunar, Statsforvaltaren og næringslivet for å utforske korleis desse omsyna kan sjåast i samanheng.
– Vi ønskjer å samle menneske som vanlegvis ser desse utfordringane frå ulike ståstader. Når dei jobbar saman om konkrete problemstillingar, oppstår ofte løysingar ingen av dei ville ha funne åleine, seier forskingsleiar Grete K. Hovelsrud ved Nordlandsforskning.
Skal jobbe, ikkje berre lytte
Klimathon byggjer på hackathon-metoden, der deltakarane arbeider intensivt med konkrete utfordringar i tverrfaglege grupper.
I staden for lange føredrag skal deltakarane diskutere eigne erfaringar og utvikle framlegg til løysingar på gitte gruppeoppgåver som kommunar og andre kan ta med seg vidare.
– Dette er ikkje eit seminar der man sit og høyrer på innlegg. Deltakarane skal arbeide saman og bruke si eiga erfaring til å utvikle praktiske og strategiske løysingar, seier Hovelsrud.
Denne arbeidsforma har vore brukt ved fem tidlegare Klimathon-arrangement i Noreg, og erfaringane viser at den både byggjer nettverk og gjev nye perspektiv på komplekse klimautfordringar.
Koplar saman tre store utfordringar
Årets tema er koplinga mellom tre utfordringar alle i kommunane vil dra kjensel på:
- Arealnøytralitet: Korleis går det an å gjenbruke «grå areal» i staden for å byggje i urørt natur?
- Klimatilpassing: Korleis kan vi ruste kommunane mot ekstremvêr?
- Reduksjon av klimagassutslipp: Korleis lukkast vi med å kutte utslepp gjennom arealbruk?
Eit sentralt spørsmål er korleis kommunane kan bruke allereie utbygde eller forringa område, såkalla gråareal, framfor å byggje ned ny natur.
– Dersom vi først byggjer ut eit område, korleis kan vi samtidig gjere området betre rusta mot klimaendringar? Kan vi restaurere myr, handtere overvatn eller skape andre gevinstar samtidig? Det er slike samanhengar vi ønskjer å utforske, seier Hovelsrud.
Ho peikar på at dette er eit felt der både forsking og praktisk planlegging framleis er i startfasen, men som blant anna er aktualisert gjennom ein stor gjennomgang av naturtap gjennomført av NRK. Der kom det fram at summen av kommunane sine vedtak har ført til 44 000 naturinngrep i Noreg på fem år.
NRK avslører: 44.000 inngrep i norsk natur på fem år – Dokumentar
Håpar deltakarane reiser heim med nye verktøy
Målet er at Klimathon ikkje berre skal så frø til å ta gode val, men også konkrete metodar deltakarane kan bruke når dei kjem tilbake til sine eigne kommunar og verksemder.
– Vi håpar dei som er med får både nye løysingar og ein ny måte å tenkje på. Dersom ein arealplanleggar eller ein liten kommune reiser heim med verktøy og idear dei kan bruke allereie neste veke, då har vi lukkast, seier Hovelsrud.
Klimathon blir arrangert 6. til 8. oktober i Bodø. Både Vestlandsforsking og Noradapt senter for berekraftig klimatilpassing er medarrangørar. I tillegg kjem Nordlandsforskning, Bodø kommune, Nordland fylkeskommune, Statsforvaltaren i Nordland, forskingsinstituttet Norce og konsulentselskapet Village Green.
Midlane kjem frå Noradapt, Noregs forskingsråd og Miljødirektoratet.