Reiseliv og friluftsliv i Aurland kommune ved reetablering av villrein i Nordfjella sone 1

Av:
Rapport
Id:
November 2025
Utgjevar:
Spor Natur og Reiseliv

I 2016 vart det oppdaga CWD (skrantesjuke) på villrein i Nordfjella sone 1. I 2017 bestemde styresmaktene at alle dyra i sone 1 skulle avlivast for unngå spreiing av sjukdomen. I løpet av hausten og vinteren 2017-2018 var villreinstamma i sone 1 sanert.
Spor Natur og Reiseliv AS har fått i oppdrag å gje ein kortfatta situasjonsbeskriving om reetableringa av villrein i Nordfjella sone 1, og reinen sin sårbarheit for ferdsel frå reiseliv og friluftsliv. I åra sidan saneringa har ein gjennomført kontinuerleg prøvetaking av felt hjortevilt i sone 2, utan nye funn av CWD. No er ein i planleggingsfasen for å reetablere villreinbestanden i sone 1. Me beskriv mellom anna kvifor det er viktig med samarbeid mellom reiselivsnæring, friluftsliv og forvaltning, og at reiselivsaktørar må styrke sin kompetanse om villrein og reinen sin sårbarheit for ferdsel. Rapporten inneheld anbefalingar om ansvarleg formidling samt konkrete tips til korleis ein kan kanalisere og legge til rette for ferdsel og informere brukarane av villreinfjellet.
Målgruppa for rapporten er aktørar i reiseliv og friluftsliv, og andre som handterer forvaltning og ferdsel i og rundt villreinområda i Aurland kommune og Nordfjella.
Denne rapporten er ein underleveranse til tilleggsoppdraget som Stiftinga Vestlandsforsking har fått av Aurland kommune, i samband med toleevneanalysen som vert utført i Sogn. Rapporten er skrive av Haaken Christensen, økolog og rådgjevar i Spor Natur og Reiseliv AS. Parallelt har SPOR gjort eit liknande prosjekt i Luster kommune knytt til Sognefjellet og vegen over fjellet. Mange av funna er overlappande og fleire av anbefalingane går igjen i begge rapportar.